Anders Felde er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. - Vi skal vise kvifor vi ikkje klarte å bli einige med staten, seier han og varslar fleire aksjonar torsdag og framover.
(Foto: SFB)

Anders Felde er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. - Vi skal vise kvifor vi ikkje klarte å bli einige med staten, seier han og varslar fleire aksjonar torsdag og framover. Foto: SFB

Bøndene har starta aksjonar

Bøndene startar torsdag aksjonar for å skape merksemd rundt landbruket, men lovar at folk flest ikkje vil bli skadelidende.

Etter at det tysdag vart brot i forhandlingane mellom jordbruksorganisasjonane og staten, skal jordbruksoppgjeret no til behandling i Stortinget 16. juni. Bøndene har starta aksjoneringa med ei traktorkolonne på E39 i Breim i Gloppen i retning Sandane.

Flere markeringer

Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane seier aksjonane ikkje vil gå utover forbrukarane.

– Forbrukarane er våre viktigaste allierte, så det kjem ikkje til å gå veldig hardt utover folk flest, seier bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Anders Felde, til NRK torsdag.

Han seier dei vil samarbeide med publikum for å unngå problem med trafikkavviklinga. Det blir ulike aksjonar framover.

– Vi kjem nok til å markere framover no, så det blir ei viss merksemd rundt landbruket. Den måten dei produserer mat på, skal vi prøve å profilere i dagane som kjem, sa Lars Petter Bertnes NRK sitt politiske kvarter torsdag.

Bondelagsleder Anders Felde er klar for å kjempe.

– Vi rustar sjølvsagt til kamp. Vi skal vise kvifor vi ikkje greide å bli enige med staten, seier Felde.

– Politisk spel

Morten Ørsal Johansen, Frp sin landbrukspolitiske talsmann, meiner jordbruksorganisasjonane takka nei til avtalen for å gje drahjelp til Senterpartiet i valkampen, ikkje fordi avtalen ikkje var god nok.

– Dette er eit politisk spel, det dreier seg ikkje om pengar. Sp skal ikkje tape ansikt i valkampen, sa han i Politisk kvarter på NRK torsdag.

Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, seier det ikkje handlar om spel, men om realitetar.

– Vi skal ha ein levande norsk matproduksjon. Stortinget har vedtatt eit mål om å tette inntektsgapet. Det er ei viktig verdikjede for landet, og det må vere lønsamt å produsere mat, meiner Slagsvold Vedum.

Statens tilbod i årets oppgjer har ei høgare ramme enn sluttresultatet som Bondelaget aksepterte i fjor og året før, men langt under årets krav på 1,45 milliardar kroner.

 

NPK

 

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

y vår for familieklenodiet

Oldefar, bestefar og far har køyrt bobla frå  1967. No har fjerde generasjon - Rolf Martin Tunold (24) – fiksa på bilen i to vintrar for å få han tilbake til fordoms prakt.

– Det skjer altfor mange fallulykker

Arbeidstilsynet reagerer på at arbeidsgjevarar ikkje tek sikkerheita på alvor. No køyrer dei storaksjon for å betre forholda på norske byggjeplassar.