Etter uhellet, der ein semitrailer hamna utfor vegen i Avleivika mellom Olden og Loen, vil det gå timar før vegen igjen er open for fri ferdsel, opplyser Politiets operasjonssentral. Det er no manuell dirigering på staden.

- Bilbergar er på plass og antyder at klokka blir 19.00 før heilt fri ferdsel er muleg. Det vil vere heilt stengt i kortare periodar, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord. Det er framleis ukjent kva som gjorde at bilen hamna i grøfta og vart påført store materielle skadar.

Ulukka fann stad like før kl. 15. Det var ein person i bilen, og denne vart køyrt til lege for helsesjekk.

Uhellet skjedde i Avleivika mellom Olden og Loen, rett før tunnelen i retning Loen.