Trass i at forsking viser at det å syngje har positive effektar, har songen fått mindre plass i læreplanane dei siste åra. I forslag til ny generell del av læreplanane er songen ikkje nemnt i det heile.

– Det er overraskande når vi veit at skular som satsar på utvida musikkundervisning gjennomgåande har eit betre skulemiljø. Betre skulemiljø gjev eit betre læringsmiljø, seier generalsekretær Bjarne Dæhli i Norsk musikkråd til Framtida.no.

Også fleire andre reagerer på at song ikkje er med i forslaget til ny læreplan.

Avdelingsdirektør Borghild Lindhjem-Godal i Kunnskapsdepartementet seier at det framleis er opning for song i skulen, og at til dømes det som blir omtalt som kunst og kultur også kan omfatte song.

– Det betyr at om noko ikkje er omtalt i ny generell del, så vil det likevel kunne vere ein del av innhaldet i skulen, seier ho.

Høgskulelektor Fred Ola Bjørnstad ved Høgskulen på Vestlandet har forska på song i skulen i mange år. Han synest det er synd viss det blir mogleg å velje bort song i undervisninga. Bjørnstad peikar på at song har vore ein del av skulen i fleire hundre år, men at det har blitt mindre viktig i læreplanane dei siste tiåra.

(©NPK)