Jarle Skarstein (52) som er utflytt og innflytt oldar, er tilsett som ny styrar for Singerheimen. Han skal vere både kokk, stuepike og vaktmeister i sommar.

– Nei, det var vel kanskje eit ynskje om litt forandring, er svaret på spørsmålet om kvifor han flytter frå hovudstaden og ein jobb med telefoni og data for å ta over på Singerheimen.

Jarle skal etter kvart ta over garden til foreldra Rita og Anders Skarstein, og han er godt kjend « i Singer».

– Eg gjekk i same klassen som Jarle Tveit på skulen. Vi var gode vener, og eg var ofte her oppe i den tid mor hans, Oddny Tveit, var styrar, fortel Skarstein som ikkje har røynsle frå hotellbransjen utover det å levere telefoni og datautstyr.

– Det blir ein spennande jobb. Eg gleder meg til laksefiskarane kjem, seier Jarle som har fiska mykje i Oldeelva sjølv.

Mykje arbeid ventar

Mykje må gjerast før alt er på stell. 1. mai hadde tolv medlemmer av Singerheimens venner vaskejobb, og Margun Skarstein brukte påska til å vaske ned soveromma.

– Vi har ikkje tal på dugnadstimane, men no skal det bokførast, seier ho, og det er også eit godt råd frå Kulturminnefondet. Dugnadsinnsats vert lagt merke til når midlar skal fordelast.

Lista over vedlikehaldsarbeid som skal utarbeidast er lang. 300.000 frå Kulturminnefondet og 200.000 frå Stiftelsen UNI til brannvernstiltak og istandsetjing av tak er ikkje nok, men viljen er stor til å finne løysingar.

Er i gang

– Vi er i gang både med brannvernstiltak og vøling av til dømes bungalowen, og vi har planar for framtida, seier styreleiar Åsne Helen Folstad.

Styret har eit ynskje om å nysetje tunet i stand med planting av tre etter dei som knakk under orkanen Dagmar. Tidlegare var tunet fylt med tre og blomar, og det ynskjer dei skal kome tilbake. Dei ynskjer også å legge til rette for auka verdiskaping ved å oppgradere fasilitetane i villaen og bungalowen. Bada stettar ikkje krava i dag. Dette må endrast om dei skal bli eit relevant tilbod for overnatting.

– Vi får ta tinga etter kvart. Det viktigaste er brannvern og tak, restaurering og reparasjon av fasadar på bygningane. Dette skal vi greie med god hjelp av innleigde ressursar og dugnadsinnsats frå Singerheimens venner, seier ho.