Haugen har lang erfaring med å arrangere turmarsjar. Etter først tjue år med dette gjennom volleyballaget i Hornindal, arrangerte han også turmarsjar i ein 5-årsperiode der all inntekt var tenkt å skulle gå til ny symjehall i bygda.

– Då ei realisering av dette kan sjå ut å ligge langt fram i tid, har ein bestemt å gje dei innkomne midlane frå denne 5-årsperioden til eit anna viktig og godt formål. Men vatn og symjing er framleis det viktige til dei som er mottakarar, understrekar Haugen.

Stemnet og turmarsjen blir såleis det siste arrangementet der ein håpar å kunne auke beløpet som skal gjevast. Utdelinga vil finne stad til hausten.

Stemnet i juni blir ein kombinasjon av turmarsj og Kvivsstemne fortel initiativtakaren.

– Det blir program på fjellet denne dagen. Hornindal Songlag stiller, og to unge musikarar vil óg delta. Eit kåseri om den gamle ferdselsåra - og kva denne hadde å seie for folket på begge sider av fjellet - høyrer sjølvsagt også med. Der vil bli mange flotte uttrekkspremiar på startkorta ein får, seier Haugen i ei pressemelding.