Køyringa skjedde i mars i år, over ei strekning på 15 kilometer, delvis i Stryn sentrum. Mannen som har innrømt forholdet og akseptert tilståingsdom, hadde 1,48 i promille ein halv time etter at køyringa fann stad. I følgje dommen frå Fjordane tingrett er mannen også tidlegare dømd for promillekøyring. Difor konkluderte retten med strengare straff enn påstanden frå aktor. Av same grunn vart mannen frådømt retten til å køyre bil i ein periode på fem år. Før han kan få førarkortet tilbake, må han ta full ny førarprøve.