Singersamlinga som vart testamentert til Vestlandske Kunstinidustrimuseum i 1963, blir opna på nytt for publikum 23. mai i Bergen.

Bygget som har namnet KODE 1, har gjennomgått ei omfattande rehabilitering siste åra. Bygget er ein attraksjon for kunst, kunsthandverk og design. Når Singersamlinga no blir opna for publikum blir det i fint selskap.

Ved opninga skal nemleg H.M. Dronning Sonja stille ut eigne verk, og eit utval av kunsthandverk frå eiga samling.

Det var Anna Brugh Singer (1878- 1963) som testamenterte ei rekke møblar, antikvitetar og bilde til Vestlandske Kunstindustrimuseum saman med ektemannen William Singer jr. (1868 – 1943).

Det er snakk om 500 gjenstandar. Ei eventyrleg samling av europeiske og asiatiske prydgjenstandar, kunst og møblar.

Einaste kravet frå ekteparet var at gjenstandane skulle stillast ut i eit rom som gav meir inntrykk av ein heim enn eit museum. Slik har det blitt, fortel Erik Kydland ved museet. Ved gjenopning har dei prøvd å skape eit inntrykk av Singerparet sin heim slik det såg ut i Olden.