Rundt 170 .000 personar fekk hjelp i familievernet i fjor, ifølgje anslag frå Bufdir.

Det er nærare 10.000 fleire enn året før. I tillegg snakkar familievernet med stadig fleire barn i meklingssaker.

– Eg er stolt over at satsinga denne regjeringa og samarbeidspartia har hatt på at familievernet nyttar. Fleire tilsette ved familievernkontora gjer at fleire får hjelp innan fristen. Eg er særleg glad for at dei aller fleste som får tilbod i familieverntenesta, er familiar med barn. Når familievernkontora kjem tidleg inn i konfliktfylte familiar, kan vi førebyggje at konfliktane utviklar seg til noko meir alvorleg, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.Den viktigaste oppgåva i familievernet er handsaming og rådgiving når det er problem og kriser i familien, såkalla kliniske saker. Det har vore ei markant auke i talet på saker og samtalar. I 2016 gav familieverntenesta hjelp i 56.551 saker og det vart gjennomført 120.520 samtalar, over 12.000 fleire enn året før. Om vi ser på talet kliniske saker og talet meklingar, og legg til grunn at kvar sak involverer tre personar, vil nær 170.000 personar ha vore i kontakt med familievernet i 2016. Det er nærare 10.000 fleire enn året før.

Ei anna viktig oppgåve for familievernet er å gjennomføre meklingar for par som er separerte eller går gjennom samlivsbrot. Over 95 prosent får tilbod innan fristen på tre veker, ein liten nedgang frå i fjor. Samtalar med barn har derimot auka. I fjor snakka familievernet med 9,8 prosent av alle barn i meklingssakene, mot 8,9 prosent i 2015.