- Dronar kan ta flotte bilete frå lufta av folk på tur, interessante objekt og av landskap. Men dronar skaper også mykje uro og irritasjon blant folk som er på tur for å oppleve naturens eigne lyder. Og korleis verker ein surrande drone på ein hekkande fugl? heiter det i ei pressemelding frå nasjonalparkstyret.

Styret ønskjer restriksjonar på bruk av droner i Jostedalsbreen nasjonalpark som er eit verna område.

- Motorferdsel er til dømes ikkje lov i Jostedalsbreen nasjonalpark. Både lågtflyging under 300 over bakken og landing med helikopter er forbode, seier nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm.

Ho presiserar at droneflyging ikkje definert som motorferdsel fordi drona ikkje frakter ein person, men den lagar likevel støy som går imot føreskriftene.

- Vi får tilbakemeldingar frå folk på tur som blir uroa og som mister villmarkskjensla si når det kjem ei drone summande over hovudet deira, seier forvaltaren.

Ifølge føreskrifta skal; All ferdsle og aktivitet skal være omsynsfull og varsam slik at ein ikkje skader natur- og kulturverdiar, uroar vilt eller er til ulempe for andre.

- Mai og juni er hekkande fugl særskilt varsame for uroing, og kanskje i særleg grad av ein flygande farkost som kan likne ein predator. Fuglen og reiret skal ha forkjørsrett i nasjonalparken, seier ho.

- Nasjonalparkstyret ønskjer å være restriktive på droneflyging, slik at naturen rundt breen skal være eit område for ro og rekreasjon, seier Sven Flo.

Flo seier at nasjonalparkstyret likevel kan handsame søknader om dispensasjon i særskilte tilfelle, der flyginga ikkje er i strid med føremålet med vernet.

Produksjon av naturfilm og naturinformasjon har tidlegare fått løyve til bruk av helikopter og/eller drone. Då har nasjonalparkstyret ofte har stilt vilkår om at nasjonalparken og verneverdiane skal komme godt fram i det ferdige filmproduktet,  og at søkjar skal ta omsyn til folk på tur, og ikkje flyg i den sårbare hekketida.

Styret skriv at dei har gitt løyve til motorisert ferdsel i samband med filming av enkeltområde som destinasjon, for marknadsføring av reiselivet lokalt og viser til VisitNordfjord som laga ein vandrefilm om Skåla.

- I slike tilfelle kan bruk av drone ha mindre påverknad enn alternativet med helikopter. Og det er vanskeleg å seie at dei må finne eit anna område utanfor nasjonalparken, Skåla er Skåla, men naturen er framleis best live, avsluttar Flo.

- Vi ønskjer å være restriktive på droneflyging, slik at naturen rundt breen skal være eit område for ro og rekreasjon, seier Sven Flo. Foto: Maria Knagenhjelm