Jon Bolstad forlet stillinga som administrerande direktør i HelseFørde, ei stilling han har hatt i 13 år, for å gå over i stillingasom administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest. Det opplyser Helse Førde i ei pressemelding. I følgje kommunikasjonsrådgjevar Per Marifjæren sluttar Bolstad så snart styret har konstituert ny administrerande direktør. Det kan skje allereie i styremøte førstkomande fredag.

- Å sitje somtoppleiar i ei og same verksemd over så lang tid er krevjande, ogpå eitt eller anna tidspunkt skal andre ta over. Helse Førde harstore oppgåver framfor seg. Eg tenkjer at det kan løne seg at nyeauge ser på korleis oppgåvene skal løysast, seier Jon Bolstad.

Styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde seier at Jon Bolstad harvore ein framsynt og utviklingsorientert leiar som har arbeidd forå betre kvaliteten på helsetenestene til innbyggarane. Helse Førdehar halde tritt med ei rivande utvikling ispesialisthelsetenestene. Føretaket gjev i dag tenester med godkvalitet til pasientane i Sogn og Fjordane, så god at det blir vistnasjonal merksemd.

- Jon Bolstad har fått til mykje, og det hartidvis vore krevjande. Eg har full forståing for at han har søktnye arbeidsoppgåver og vil takke han for innsatsen i Helse Førde,seier Landstad.

Sjukehusapoteka Vest er det største farmasifaglegemiljøet på Vestlandet med ein årleg omsetnad på om lag ein milliardkroner.

- Sjukehusapoteka Vest er ei nytenkande verksemd. Deisatsar på nye teknologiske løysningar og tenester som bidreg tilauka pasienttryggleik, betre kvalitet og meir effektive tenestertil sjukehusa. Eg ser fram til å leie denne utviklinga vidare,seier Jon Bolstad.

Styret startar no arbeidet med å finne ein nytoppleiar i Helse Førde. Den prosessen kan ta noko tid. Imellomtida vil styret konstituere ein administrerande direktør.