– Det var Bergen SK som tok initiativ til stemnet og ville kome hit og lage eit saman med oss. Vi har ikkje godkjent utstyr, så dei har med lastebil med mange hundre kilo vekter. I tillegg har dei med tre dommarar, fortel Signe Belden i Stryn styrkeløftklubb.

Årsaka til at dei ønskjer seg til Stryn er for variasjon for deira eigne medlemmar sin del, men også for å setje fokus på styrkeløftmiljøet i Stryn.

Ville prøve noko nytt

Og frå den lokale klubben vil fire løftarar stille. Ein av dei er Janne Bruhn-Henriksen. Den tidlegare syklisten og symjaren er relativt fersk i gamet, og dette blir hennar andre stemne.

– Eg ville prøve noko nytt. Å trene med vekter er veldig målbart i høve resultat, og det likar eg, seier den spreke veteranen. Ho har ikkje anna mål enn å bli sterkare.

Då er Belden noko meir ambisiøs. Ho har håp om å kvalifisere seg til både EM og VM i år. Men i eit slikt klubbstemne kvalifiserer resultata kun til NM-deltaking. Belden må uansett ta det noko forsiktig, sidan ho nettopp er byrja å løfte tungt etter eit skadeavbrekk på kring fem månader.

– Eg vil konsentrere meg om å få alle løft godkjendt og ikkje nødvendigvis ha så mykje på stanga. Det viktige for meg blir RM (regionmeisterskap) og NM til hausten, seier Belden.

-100 kg bak dei beste

Einaste mannlege løftar frå Stryn er Christopher Garlid. Han har forsiktige ambisjonar på eigne vegne.

– I mi vektklasse er dei ekstremt sterke. Eg ligg 50-100 kg bak i dei ulike øvingane. Men eg deltek mest for å ha eit mål å trene mot, og eg er kanskje mest oppteken av å få til klubben i Stryn, seier Garlid.

Fjerde lokale løftar er Thea Bergset. Ho tok medalje i juniorklassen under NM i fjor.

Norgesrekord

No håpar dei at stryningane møter opp på Gym Stryn komande laurdag for å få med seg mange råsterke prestasjonar. Og Tor Engevik, leiar for Bergen SK, kan blant anna lokke med ein norgesrekordhaldar.

– Frå oss stiller norges sterkaste seniordame, Isabell Carina Nakken Cloin, som har norgesrekorden i knebøy for damer med 171 kg. I Stryn Open satser ho på å løfte over 200 kg i markløft. Frå Bergen SK kjem også vår råsterke veteran Karen Tvedt som løftar 165 kg i knebøy og 172,5 kg i markløft, fortel Engevik.

I tillegg til deltakarar frå dei to arrangørklubbane vil det kome løftarar frå Sandviken Atletklubb og Jotun IL.