– Behovet er openbart, og eg skjønar utolmodigheita når det gjeld utbetring av Rv. 15 over Strynefjellet.

Det sa Helge Orten (H) i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget då han var på besøk i Stryn fredag. Tidlegare på dag hadde han vore i Ørsta på eit tilsvarande møte.

Riksveg 15

Orten kom til Ørsta og Stryn etter invitasjon frå Høgre lokalt. I Stryn møtte han varaordførar Torstein Tvinnereim, ordførar Sven Flo, ordførar i Hornindal Stig Olav Lødemel, stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og Svein Sunde frå Gode vegar. I tillegg var Gunnar Svarstad til stades for å tale bedriftene si sak. Mykje av møtet var via til riksveg 15 over Strynefjellet, men også E39 vart omtalt.

Viktig sak for regionen

Rv. 15 over Strynefjellet er eit viktig prosjekt også for regionen Orten kjem frå, Møre og Romsdal. Vegen er ikkje omtalt i Nasjonal Transportplan (NTP), og ordførar Sven Flo uttrykte innleiingsvis bekymring for dette, og at tida tek til å bli knapp.

– Det er avgjerande å få fram bodskapen om vidare vurdering av Rv. 15 no, og at det blir lagt inn ein merknad i NTP der vegen over Strynefjellet er omtalt.

Kjenner utfordringane

– Vi kjenner utfordringane med både Rv. 15 og E39, og dei fire partia (H, Frp, V og KrF) er no i ein prosess der ein jobbar med og blir einige om merknader til NTP. Vi ser på mulegheitene for å få inn merknader som gjeld Rv. 15, seier Orten.

– Vi gjer det vi kan for å få fortgang i saka, og eg skjønar at de er utolmodige. Vår jobb er å lage ei god innstilling, heldt Orten fram.

– Vi er i ein god dialog med transportkomiteen for å få ei rask avklaring, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel.

Må få fram den reelle summen

Svein Sunde i Gode vegar meiner det er avgjerande viktig å få fram den reelle summen som skal til for å få prosjektet realisert. Han hadde håpa på at prosessen var komen lenger enn det den er i dag då han la fram behovet for merknad om fortgang i konseptval og reguleringsplanarbeid.

– Tunnel med arm avgjerande

– Tunnel med arm til Geiranger er avgjerande. Dette er ikkje berre eit trafikksikkerheitstiltak, men også eit rassikringstiltak vi må få på plass, og ei opprusting vil skape ein forutsigbar og funksjonell fjellkryssing. Dette er ei særs viktig sak for oss, og Rv. 15 er det desidert viktigaste vegprosjektet å få inn i NTP frå denne regionen, seier Sven Flo. Han meiner at inn- og utkøyring i denne regionen er viktig med tanke på utbetringa av E6 sørover mot Oslo. Ei opprusting vil også vere positivt for turismen i regionen.

– Tunnel med arm vil sikre ei berekraftig utvikling i Geiranger og området elles. Ei ny tunnelløysing vil også skåne dei naturlege trekkrutene til villreinen, poengterer Flo.

Vart med på tur

Helge Orten frå Transport- og kommunikasjonskomiteen fekk også høve til å sjå korleis trafikkbildet kan vere oppover Rv. 15 mot Strynefjellet, frå førarhytta i eit vogntog, og ikkje minst kor trangt det er i tunnelane når store køyretøy møtest.

– Eg er glad for at Helge Orten hadde høve til å vere med på tur slik at han med eigne auge fekk sjå korleis situasjonen verkeleg er. Eg vil gjerne takke Ragnvald Flåten og Rolf Olav Tenden som stilte vogntog til disposisjon, seier Flo.

Lovande

– Helge Orten meinte dette var den beste synfaringa han hadde vore på, og utan å forskottere noko sa han at det ser lovande ut med tanke på merknad i NTP når det gjeld Rv. 15, seier ordførar i Hornindal Stig Olav Lødemel, som var med på Strynefjellsturen.

– Vi kjem til å følgje opp saka framover, seier Sven Flo.

Det er ofte full stopp når store køyretøy møtest i tunnelane på Strynefjellet. Foto: Privat
Stortingspolitikar Helge Orten og tungtransportsjåfør Ragnvald Flåten. Foto: Privat
Varaordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim (t.v.), Helge Orten i Transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget og ordførar i Hornindal Stig Olav Lødemel var med Ragnvald Flåten på tur gjennom Strynefjellstunnelane slik at Orten med eigne auge fekk sjå korleis trafikkbildet kan sjå ut. Foto: Privat
Det er såvidt det er klaring oppunder taket, konstaterer Torstein Tvinnereim (t.v.) og Helge Orten. Foto: Privat