Det seier Vidar Solheim i Statens vegvesen. Entreprenøren har kome opp til sommarskisenteret med fresen, og vil halde fram austover mot Grotli når arbeidet med å frese opp parkeringsplassen er ferdig.

– Så sant forholda elles tilseier det, vert vegen til Tystigen opna 1. juni. Fresinga har gått fint. Då mildveret kom, kom også ein del skred vi ville ha ned, seier Solheim.

Nina Lensebakken, dagleg leiar ved Stryn sommerski, seier mannskapet har ein del arbeid igjen før opning, men at dei er i rute til opning 1. juni.

– Vi er godt i gang, men det står framleis att mykje riggearbeid. Vi gler oss over gode snøforhold og håpar på fin opning 1. juni, seier Lensebakken.

Høge brøytekantar opp mot sommarskisenteret. Foto: Nina Lensebakken