Det er ikkje semje i Hornindal kommunestyre om valet av namnet Volda til den nye kommunen etter samanslåinga.

Nemnda for namn og heraldikk samrøystes har samrøystes gått inn for namnet «Volda» på den nye kommunen som vert samansett av Horindal og Volda kommunar.

Men ei intern kartlegging har synt at det ikkje er semje i kommunestyret i Hornindal om dette namnet.

I følgje ordførar Stig Olav Lødemel  si uformelle kartlegging kan det sjå ut til at det kan bli eit knapt fleirtal for Volda som kommunenamn, men dette kan endre seg ved forfall og frammøte av vara.

Hornindalsordføraren orienterte i tysdagsavisa om at dersom det er fare for at kommunestyra kan gå for ulike namnevedtak,  har fylkesmannen fått delegert mynde til å kalle inn til møte. Men fylkesmannen ikkje har mynde/heimel til å kalle inn til felleskommunestyremøte før etter stortingsvedtaket 8. juni, difor blir det planlagde fellesmøtet avvikla uten fylkesmann Lodve Solholm.

- Dersom vi får eit felles vedtak i Hornindal ogVolda kommunestyre er alt greitt. Då kallar Fylkesmannen ikkje inntil møte. Dersom vi får ulike vedtak i Hornindal og Voldakommunestyre må fylkesmannen kalle inn til møte etter 8. juni,  seier Stig Olav Lødemel.