– Vi har gjort det lettare å klage elektronisk, laga ein teiknefilm som viser korleis du klagar, og organisert informasjonen på ein meir oversiktleg måte, seier sivilombodsmannen Aage Thor Falkanger sjølv i ei pressemelding.

Sivilombodsmannen kjem kvart år med over hundre uttaler med kritikk av forvaltninga for feil som er gjort. Ofte er uttalene resultat av ei klage.

Sivilombodsmannen er utnemnt av Stortinget for å ta vare på rettane til mannen i gata i møte med forvaltninga. Du kan klage til Sivilombodsmannen viss du meiner å ha vore utsett for urett eller feil frå den offentlege forvaltninga.

(©NPK)