– Vi er frustrerte over at regjeringa prøvar seg på ein omkamp med Stortinget. Det seier leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

– Dei har ikkje kome oss i møte med dei viktige målsetjingane Stortinget har sett om å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper. Eg meiner det er eitt av dei viktigaste grepa som kan gjennomførast for å sikre matproduksjon i Noreg i framtida.

Bartnes meiner det er viktig å setje fokus på kor viktig norsk matproduksjon er.

– Norges Bondelag har fremja behovet for å satse på dei små og mellomstore bruka for å sikre matproduksjon i framtida. Samla sett er det eit betydeleg volum desse bruka produserer, og regjeringa har møtt oss med eit krav som er altfor dårleg.

Fleire tusen bønder gjekk i tog frå Landbrukets hus på Grønland til Stortinget. Demonstrasjonane var same dag som næringskomiteen på Stortinget innleidde behandlinga av jordbruksoppgjeret. Det er det opphavlege tilbodet frå staten som no ligg til grunn.

Bøndene meiner betre inntektsmoglegheiter for bonden er det viktigaste verkemiddelet for å ta vare på mangfaldet i norsk landbruk og den norske kvalitetsmaten.

Føler seg overkøyrt

Nils Magne Gjengedal driv mjølkeproduksjon på eit mindre gardsbruk og er med i fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag. Han føler seg overkøyrt.

– Kravet til Norges Bondelag var veldig godt for vestlandsbonden, men tilbodet vi fekk var veldig dårleg. Dei små bruka er viktige for ein heilskap og eit godt miljø. Viss politikarane går bort frå det dei vedtok i landbruksmeldinga i april, så er dei ikkje verdige ein plass i Stortinget, seier han.

– Ein berebjelke

Ordføraren i Lom kommune, Bjarne Eiolf Holø, var ein av mange som tysdag møtte opp for å demonstrere. Holø driv sjølv eit mindre gardsbruk og meiner det ikkje er tilstrekkeleg forståing frå politikarane når det gjeld arbeidet som blir lagt ned i landbruket.

– Dette er ein av dei viktigaste næringane vi har. Landbruket er berebjelken i vårt område, og norsk matproduksjon må stå sterkt. Det er viktig at alle som driv med matproduksjon får betalt for den innsatsen dei gjer på lik linje med andre yrkesgrupper. Politikarane viser at dei ikkje forstår realiteten.

Høyrde ikkje på Dale

Landbruksministerens oppfordring om å utvise moderasjon på linje med andre grupper, blei ikkje godt mottatt. At statsråden minte om at jordbruket får snautt 15 milliardar kroner i samla overføringar frå staten og at kravet frå bondeorganisasjonane ville ha gitt ein inntektsvekst på 9 prosent, langt meir enn andre grupper, gjorde heller ikkje inntrykk på dei frammøtte.

– Tilbodet frå staten i år er betre enn resultatet i 2015 og 2016 som Bondelaget signerte på, sa Dale – igjen utan at bøndene lèt seg overtyde.

Krev meir

Rundt 1 milliard kroner skilte tilbodet frå staten og krava frå Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Statens første tilbod i jordbruksoppgjeret hadde ei ramme på 410 millionar kroner. Det siste tilbodet før brotet var på 550 millionar kroner, mens det opphavlege kravet frå bøndene var på 1,45 milliardar kroner.

Demonstrasjonstoget samla tusenvis av bønder som markerte misnøye mot Staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane. Strynebønder var langt framme i toget. Foto: Jogeir Agjeld
Aksjonerte: Bønder demonstrerte mot Statens tilbod i jordbruksforhandlingane. Her bønder frå Sogn og Fjordane, Nils Magne Gjengedal i fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag t.h. Foto: NPK