Loen Skylift får 300.000 kroner i støtte til digital marknadsføring, og næringsminister Monica Mæland har sjølv innvilga søknaden. Onsdag fekk dagleg leiar i Hoven Loen AS, Richard Grov, overrekt pengane av stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (kommunal og forvaltningskomiteen, H), ordførar Sven Flo (H) og Britt Dalsbotten (Sogn og Fjordane Frp).

Investering i gode verktøy

Det er Ann Helen Blakset i Visit Nordfjord som har vore ansvarleg for søknaden på vegner av Loen Skylift. Det vart søkt om 300.000 kroner i støtte til digital marknadsføring av Loen Skylift, medan sjølve kostnadsramma er berekna til 700.000 kroner.

Det skal no investerast i gode digitale verktøy som sikrar samhandling mellom fleire aktørar, og som forenklar og effektiviserer prosessane internt i bedrifta og for gjestane.

Blakset seier at det blir sett krav til digitale verktøy når det gjeld marknadsføring.

– Dagens turistar er utolmodige, og set store krav.

Imponert næringsminister

Det er næringsminister Monica Mæland sjølv som har innvilga søknaden frå Loen Skylift.

– Dette er eit spennande og fantastisk prosjekt, eg er imponert over at det er bygd og at dei har fått dette i hamn. Dette vil auke turistaktivitetane i heile regionen og i tillegg skape meir aktivitet i næringslivet, så dette måtte vi vere med på, seier Mæland til Fjordingen.

Næringsministeren seier vidare at slike søknader normalt må gå gjennom Inovasjon Norge, men at prosjektet i Loen er så spesielt og spektakulært at denne søknaden handsama ho personleg.

– Gir eit godt grunnlag

Midlane vi no har fått tildelt gir oss eit godt grunnlag til å byggje vidare, også på den digitale fronten. Vi har planane klare, og det er ein krevjande jobb, seier Richard Grov, som ideelt sett hadde håpa på at prosessen var komen noko lenger då Loen Skylift opna sist helg.

– Dette kjem seg. Vi ønskjer å løyse ein ting om gongen, og denne tildelinga er eit signal på korleis vi kan møte utfordringane. At vi får søknaden innvilga er kjekt, og det er ei handsrekking vi set pris på. Ann Helen Blakset har gjort ein særs god jobb med søknaden, seier Grov.

–Vi håpar midlane kjem godt med, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel.