Den ubemanna ubåten, eller ROV’en (remotely operating underwater vehicle) er laga av Sperre AS på Notodden og har ein prislapp på mellom åtte og ni millionar kroner. Den samansetjinga av utstyr som denne ubåten har, er det berre to andre ROV’ar i verda som skal kunne matche. Den kan nemleg gjere innvendige inspeksjonar av vasskrafttunnelar opptil seks kilometer.

Satsar Sigbjørn Hagen, Olav Erik hagen og Per Magnus Teigen i O.E Hagen AS med ubåten som kan gi firmaet oppdrag langt utanfor landegrensene Foto: Roger Oldeide

Båten skal alt ha sett ein uoffisiell norsk rekord under sitt første oppdrag i Rana Kraftverk på bestilling frå Statkraft.

– Vi sette vi ny norsk rekord med 3.265 meter med tunnelinspeksjon og skanning, fortel dagleg leiar av O. E Hagen AS, Olav Erik Hagen.

Det er nemleg inspeksjon av vasskrafttunnelar for kraftselskap ubåten primært skal nyttast til.

– Stor HMS gevinst.

Dykkerfimaet, som har samarbeidsavtale med Norconsult, har lenge jobba tett opp mot ulike kraftselskap. Hagen fortel at dei lenge har kjent til dei utfordringane kraftselskapa har knytt til både inspeksjonar, vedlikehald og reparasjonar av slike tunnelar som det finst milevis av i Norge.

Unik Det finns berre to tilsvarande ROV’ar i verda. Ein i Finland og ein i Canada. Med denne investeringa kan firmaet frå Stryn få ein markand langt utanfor landegrensene. Foto: Privat

– Mange av desse tunnelane vart bygde på 60- og 70 talet og det er risiko knytt til å arbeide i dei. Ofte må ein tømme tunnelane for vatn for å kome til for inspeksjon, noko som medfører driftsstans. Ubåten gir såleis både ein økonomisk gevinst og ikkje minst ein stor HMS-gevinst for kraftselskapa, forklarar Hagen.

Ny vekst og utvikling

Innovasjon Norge har bidrege til den nye investeringa som O.E Hagen trur kan gi ny vekst i ein større marknad, også utanfor landegrensene.

Kontroll Sju skjermar gir full kontroll over ROV’en sine omgjevnader under vatn. Kontrollrommet er i containeren ROV’en blir frakta i. Den lagar og 3D teikningar av tunnelane. Foto: Privat

– Denne ubåten kompletterer vårt tilbod og grunnlag for vidare vekst og utvikling, også utanlands. Det er jo veldig få som driv med akkurat dette, seier Hagen som i dag har 16 tilsette i bedrifta inkludert avdelinga i Kristiansand.

Dykkarfirmaet har i dag tilhald ved Vikaleirane rett utanfor Stryn sentrum, men har konkrete planar om flytting til nye lokale i Vetlevika innan to år.