Makuleringsmaskina har gått varm dei siste dagane. Utanfor kontoret står det fulle søppelsekkar. Innanfor dørterskelen sit ein smilande helse- og sosialsjef på utadgåande i jobben ho har hatt sidan 1986. Ho er klar for overgangen frå arbeidslivet og inn i pensjoniststilveret.

– Eg kjem til å sakne alle dei gode kollegaene mine, det gjer eg. Det blir ein bråstopp, men med eit gardsbruk har eg innhald å fylle dagane med, seier Wetlesen.

Ho legg heller ikkje skjul på at det skal bli godt å sleppe sju mil med dagleg pendling. Berit har dessutan stadar å reise, eit gardsbruk å stelle og fire barnebarn å besøke på Austlandet. Wetlesen er sjølv oppvaksen på Ås sør for Oslo før ho reiste til sosionomstudier i Trondheim.

Der trefte ho ein medstudent og odelsgut frå Skåre, øvst i Hjelledalen. Som nyutdanna sosionom flytta dei dit i 1976 og har budd der sidan.

- Enorm utvikling

– Det var jo ein overgang frå flate Ås, men med den utsikta og tilgangen til fjella i Hjelledalen så har ikkje det vore noko problem, seier Berit som har hatt andre jobbar enn etatssjef. Den første jobben på Vestlandet var som ungdomssekretær på Eid før ho som 25 åring begynte på den lokale bensinstasjonen i Hjelledalen.

Anno 1982 Sosialkurator Berit Wetlesen i 1982, då 30 år gamal. Fire år seinare vart ho etatsjef, som ho har vore sidan. Foto: Privat

– Stryn Motorservice heitte den, skrattar tobornsmora. Vidare fekk ho eit vikariat på legekontoret før ho i 1981 fekk jobb på sosialkontoret i Stryn. Der vart ho konstituert sosialsjef i 1986. Tittelen helse- og sosialsjef vart innført i 1993.

– Utviklinga sidan då har vore enorm. Utviklinga av velferdsstaten Norge starta alt på slutten av 60-talet og aksellererte på 80-talet. Dei kommunale tenestene har vakse kraftig i omfang, spesielt innan pleie og omsorg, fortel Berit som kan talfeste litt av veksten.

– Brutto driftsbudsjett for etaten då eg starta i 1986 var på om lag 30 millionar kroner med 100 årsverk. I dag er helse- og sosialbudsjettet på 230 millionar kroner med 230 tilsette, fortel Berit. Dette har og sett sine krav til ho som leiar.

– Det å planlegge for å innfri krava som er stilte har vore ei stor utfordring. Eg har lært i denne sektoren at det er umogleg å gjere alle til lags. Det er store forventningar frå brukarar, pårørande, tilsette og frå politikarar. Jobben er at tenestene skal vere forsvarlege og at ein tek brukarane på alvor, seier Wetlesen.

Store utbyggingsprosjekt

Berit fortel at dei siste åra har vore ekstremt tid- og arbeidskrevjande grunna utbygging av omsorgssenter og helsesenter.

– Eg er veldig glad for at dei kom i hamn, for dei var veldig viktige for oss. Det er og bygd mange omsorgsbustadar som og har vore naudsynt å få på plass, seier Berit.

Anno 2006 Berit Wetlesen har hatt lang og tru teneste i Stryn kommune. Foto: Ove Sveen

Ho er likevel klar på at problema og utfordringanee står i kø i åra som kjem. Ho peikar spesielt på utfordringa med å rekruttere fagutdanna og kvalifiserte folk.

– Kanskje spesielt når det gjeld helsefagarbeidarar og legar, seier Wetlesen som heller ikkje kjem utanom eldrebølga.

– Vi er ei aldrande gruppe med tilsette, ikkje berre i Stryn, men i heile landet. Når eg blir 80 år så kan det hende eg stort sett må klare meg sjølv, sjølv om eg skulle trenge hjelp, seier Berit.

Ho legg til at det i 2030 vil vere 40 prosent fleire over 80 år enn i dag.

- Medan i 2040 er det over 80 prosent fleire over 80 år. Dette stiller enorme krav til rekruttering og andre måtar å jobbe på. Det heng og saman med deltidsproblematikken. Skal ein få tilsette må ein i større grad tilby heiltidsstillingar. Dette må løysast, seier ho.

Men sjølv er Berit Wetlesen er langt unna 80 år enno. Til hausten legg ho og mannen ut på langtur med bubil.

Fekk blomar Under opninga av helsesenteret og Setrevegen 2 AS fekk Berit Wetlesen blomar av Aud Kristin Løvlid på vegne av helse- og sosialutvalet. Foto: Roger Oldeide

– Vi skal reise i Europa nokre månader. Elles blir det besøk til born og borneborn på Austlandet. Eg gler meg, seier ho smilande.

Wetlesen sit i stillinga ut månaden, men vil vere tilgjengeleg i overgangen når Heidi Vederhus går inn som ny helse- og sosialsjef 1. august.

- Meget kunnskapsrik

- Wetlesen har vore sjølve kontinuiteten innan helse- og omsorgsarbeid i Stryn kommune. Ho har og vore ein pådrivar for at mange av våre prosjekt som no er på plass, mellom anna nytt omsorgssenter og nytt helsesenter, sier ordførar Sven Flo som omtalar sin helse- og sosialsjef som svært kunnskapsrik.

-  Ho er meget kunnskapsrik og har alltid vore godt førebudd i alle sakar ho har jobba med. Eg ønskjer ho lykke til vidare som pensjonist, seier Flo.