Profilarbeidet til designbyrået Creuna og Visit Nordfjord har laurdag kveld vunne sølv i European Design Awards, som kvart år heidrar det beste innan europeisk design. Dei mottok prisen i Porto i Portugal.

– Det er ei erkjenning av det visuelle resultatet frå merkevare-prosessen vår. Den syner ein unik design i ein klar og særeigen identitet, tufta på fortrinna våre, seier reiselivssjef Marita Lindvik i Visit Nordfjord i ei pressemelding.

Desember 2015 vart eit vendepunkt for destinasjonsselskapet for Nordfjord-regionen i Sogn og Fjordane. Då bestemte dei å samle seg om fellesnemnaren Nordfjord, og i den samanheng endre namn til Visit Nordfjord. Der og då starta arbeidet med å utvikle ei sterk og tydeleg merkevare for regionen. Laurdag 27. mai mottok Visit Nordfjord og Creuna, byrået som har hjulpe til med merkevarebygginga, internasjonal anerkjenning for profilarbeidet med sølv i European Design Awards.

Kvifor merkevare?

– Ei sterk merkevare er ikkje noko mål i seg sjølv, men eit middel for å nå målet. Det vil seie å få fleire av dei lønsame turistane til regionen gjennom heile året, seier Lindvik.

– Å prioritere å utvikle ei merkevare er meir enn nyttig, det er heilt avgjerande. Det gjev oss noko å styre etter, det verkar disiplinerande og hjelper oss å ta viktige val. Det fører med seg ein prosess, og ein sit igjen med så mykje meir enn ein logo og ein visuell profil. Merkevare-plattforma inneheld tydelege skildringar av kva merkevaren skal stå for, kva slags verdi den skal gje folk, og korleis den skal uttrykkast visuelt, i språk og tale – og ikkje minst i handling, seier ho i pressemeldinga.

Samla seg

Tidlegare var reiselivssamarbeidet prega av å vere fragmentert, det var meir alle mot alle, enn ein for alle, minnast ho.

- Å lukkast med ei felles merkevare innan reiseliv, inneber å samle seg om det som er felles, gjere nokre tøffe val, og vere lojale mot vala og dra i same retning. Overgangen til namnet Visit Nordfjord var ein føresetnad. Det var òg ein tydeleg og metodisk prosess med deltaking frå ei breitt samansett gruppe med engasjerte interessentar. Eg vil òg dra fram at det er viktig med ein god sparringpartner, som kan vere med frå strategifasen, gjennom heile utviklinga, og heilt til merkevara har fått si form og innhald. Vi fann rådgjevaren vår i Creuna, seier Lindvik.

- Lang erfaring

Arne Hjeltnes, arbeidande styreleiar i Creuna Norge, var med i teamet som utvikla merkevara Nordfjord.

– I vårt grisgrendte land lyt ein gjere ting saman for å verte synleg, og stå fram med eit heilskapleg reiselivsprodukt. Ei merkevare er ei ramme som gjer den einskilde aktør sterkare saman med andre, enn ein nokon gong  kunne bli på eiga hand. I Creuna har vi lang erfaring med å styre merkevareprosessar, og veit at dei er avgjerande for om ein lukkast i det lange løp, seier Hjeltnes i pressemeldinga.