Myklebust, som melde overgang til Ny Krohnborg i Bergen etter førre sesong, vil mest truleg vere tilbake i strynedrakta til bortekampen mot Florø 2 på laurdag. Midtstopparen har signert ei låneavtale med Stryn som strekkjer seg ut vårsesongen.

– Johann Sigurdsson kontakta meg, og vi vart einige om at eg like godt kan spele for Stryn no når eg blir heime etter at semesteret i Bergen er ferdig, seier Myklebust til Fjordingen.

Frå neste helg vil også Lars Midthjell Gjørven vere klar for spel igjen i strynedrakta. Midthjell Gjørven har siste tida spelt for Braskereidfoss ved Elverum, og har meldt permanent overgang til Stryn.

–To gode spelarar som forsterkar laget vårt, seier trenar Johann Sigurdsson.

Tre bortekampar på rad

Laurdag spelar Stryn sin første av tre strake bortekampar, og Florø 2 skal prøve å stikke kjeppar i hjula til Mads Wie og co. denne gongen. Med 15 poeng på fem spelte kampar toppar Stryn tabellen i lag med Vik.

Oppgjeret i Florø går i ettermiddag, og oppgjeret kan du sjå på nettsida til Radio Stryn ved å klikke på denne linken (om du har problem med å spele av kampen i Internet Explorer, prøv Google Chrome).