Bringebærproduksjon i tunnel er utprøvd med hell i fleire år, og no kjem bringebær under tak som ein mellomting mellom tunnel og friland.

I Stryn kommune er det Atle Skaaden og Roar Frøholm som er først ute, og den tyske produsenten er i Luster denne veka for å vise korleis det skal gjerast.

Sogn og Fjordane står for 64 prosent av norsk bringebærproduksjon. Siste produksjonstala for Stryn, Eid og Gloppen er 438 tonn bringebær. Stryn er nest største produsent i fylket etter Vik med 328 tonn. Det er 2015 tal frå fylkesmannen.

Vikane har 276 dekar med bringebær. Ca 80 av dette er i tunnel og no kjem tak i tillegg.

– Fordelen er at det er berre tre fjerdedelar av tunnelkostnaden. Minus er sjølvsagt at dei får ikkje den tidlegeffekten, men dei stenger regnet ute og sikrar kvaliteten, seier Svein Kvame.

Atle Skaaden er i ferd med å få stolpar og nettverket av streng på plass, og det er ikkje mange dagane til det tyskproduserte Voendekket med plast som «pustar» i vinden. kjem på plass. Så langt har det vore ein bra vår, og det er ikkje registrert spesielle vinterskadar korkje på bær eller frukt.