– Vi er heldige med at vi har vakse kvart år, og eg tykkjer det er ekstra kjekt at vi har vakse på alle felt; am-car, MC og storbil. Men det set også større krav til organisering frå oss som arrangerer. Vi kjenner litt på plassmangelen, seier Sønsterudbråten.

Med etableringa av Coop har ein også mista eit stort og sentralt areal som tidlegare vart nytta under festivalen.

– Vi har óg eit stort behov for overnatting, og her jobbar vi for at fleire skal kunne kome, seier festivalgeneralen.

Vassendgutane

Sønsterudbråten tykkjer det er moro med det store engasjementet rundt festivalen. Eit engasjement han møter overalt.

– Dei som skal kome, dei som vil kome, dei som har vore her og alle dei som hjelper til. Utruleg kjekt!

Sjølv om det er bil og motor som har fokus denne helga, så kjem ein ikkje unna at eit av høgdepunkta blir utedansen i år. Her skal dei alltid populære Vassendgutane stå for musikken.

– Vi gjerder inne Per Bolstad-plass. Utedansen er eit nært samarbeid mellom Motorfestivalen og utestadane. Vassendgutane tenkjer vi passar godt til det vi driv med, dei er ein god match, så dette blir bra! seier Sønsterudbråten.

Han trur det skal vere plass til nærmare 2.000 personar på det inngjerda området, og ser ikkje vekk frå at besøket på dansen også kan nærme seg dette.

– Billettsalget er allereie godt i gong, påpeikar generalen.

Totalt for helga reknar ein at 10.000 personar besøkjer Stryn sentrum.

– Kjekt for alle

Tryggleik under festivalen er noko som er vektlagt. Med mange bilar og mykje folk er det ekstra viktig at den einskilde brukar fornufta, meiner Sønsterudbråten.

– Ein må rett og slett bruke hovudet. Her er det alt frå små ungar til eldre pensjonistar, og alle skal ha det kjekt. Men visst alle brukar hovudet så blir det også bra.