Per-Egil Flo reiste til Praha i januar. Fem månader seinare kan han kalle seg seriemeister. Han og laget hans Slavia Praha gjorde nemleg jobben i siste serierunde i tsjekkisk toppserie laurdag. Med 4-0 siger over Brno på heimebane sikra klubben seg det første seriemeisterskapet sidan 2008/2009-sesongen. Laget tapte berre ein seriekamp heile sesongen.

Flo og lagkameratane var før siste serierunde to poeng føre Viktoria Plzen, som var det einaste laget som kunne ta gullet frå Slavia Praha.

Stryningen kom inn ein halv time før slutt, på stillinga 2-0 til heimelaget.

- Det vart grei skuring til slutt, og stemninga var sjølvsagt på topp då det etter kvart blei både 3-0 og 4-0. Eg fekk frysningar undervegs i kampen, seier ein særs fornøgd Per-Egil Flo.

- Det var fantastisk å sikre ligagullet på målstreken, spesielt sidan det har vore så jamt. Dette er stort for klubben, seier Flo til Fjordingen. No ventar Champions League-kvalik til hausten for Praha-laget.

Frå før har Per-Egil Flo både serie- og cupgull med Molde.