– Årsaka til at politiet seier nei til storbilparaden i år, er i hovudsak at det «eksploderte» i tal deltakarar og publikum i fjor. 100 lastebilar i parade med så mykje folk i sentrum medfører stor risiko, seier lensmann Lasse Trosdahl. Han legg til at mange av lastebilane i paraden vart køyrd med alt for mange folk i førarhuset.

– Dessutan sneik bilar som ikkje var påmeldt seg med i kortesjen. Desse fakta og med dei hendingane som har vore i land nær oss med lastebilar, gjer at vi seier nei til storbilparade i år. Eg er open for at det kan bli storbilparade att neste år, men då må vi først ha ein totalgjennomgang på sikkerheit, seier Trosdahl.

Småbilparaden vil gå som planlagt.

– Skal vere kjekt for alle

Motorfestivalgeneral Jørn Sønsterudbråten, seier festivalen må forhalde seg til dei lover og reglar politiet set.

– Vi er opptekne av at arrangementet skal vere kjekt for alle. Så lenge alle brukar hovudet, så blir det bra.

– Vi er heldige med at vi har vakse kvart år, og eg tykkjer det er ekstra kjekt at vi har vakse på alle felt; am-car, MC og storbil. Men det set også større krav til organisering frå oss som arrangerer. Vi kjenner litt på plassmangelen, seier Sønsterudbråten.

Vassendgutane

Sjølv om det er bil og motor som har fokus denne helga, så kjem ein ikkje unna at utedansen er eitt av høgdepunkta. I år skal dei alltid populære Vassendgutane stå for musikken.

– Vi gjerder inne Per Bolstad-plass. Utedansen er eit nært samarbeid mellom Motorfestivalen og utestadane. Vassendgutane tenkjer vi passar godt til det vi driv med, dei er ein god match, så dette blir bra! seier Sønsterudbråten.

Totalt for helga reknar ein at 10.000 personar besøkjer Stryn sentrum.

Tryggleik under festivalen er noko som er vektlagt. Med mange bilar og mykje folk er det ekstra viktig at den einskilde brukar fornufta, meiner Sønsterudbråten.

– Her er det alt frå små ungar til eldre pensjonistar, og alle skal ha det kjekt.

– Sikkerheitsomsyn gjer at vi ikkje vil tillate storbilparade i år, seier lensmann Lasse Trosdahl. Foto: Bengt Flaten