Politiet har fått inn over 3.000 ulovlege eller uregistrerte skytevåpen sidan våpenamnestiet starta i mars, fortel TV 2.

– Dette er færre våpen enn vi har sett ved tidlegare amnesti. Men det er som venta, ettersom dei tidlegare amnestia vi har hatt, har rydda opp i mykje, seier Kristin Kvigne, direktør for politifagavdelinga i Politidirektoratet (POD) til kanalen.

Under våpenamnestiet, som varer til 31. mai, kan folk levere inn våpen anonymt utan å risikere straff. Politiet har sidan amnestiet starta 1. mars, fått inn 2,4 tonn ammunisjon. I alt 845 hagler er òg etterregistrerte.

Folk har òg levert frå seg granatar og sprengstoff. I Sør-Vest politidistrikt har dei førebels tatt imot fire kilo sprengstoff.

Sør-Øst politidistrikt har tatt imot flest våpen, 647 i alt. Politidistriktet omfattar 54 kommunar i Buskerud, Vestfold og Telemark i tillegg til Jevnaker kommune i Oppland.

Dei som leverer inn ulovlege våpen, kan som alternativ til destruksjon, søkje om å få plombert våpenet, søkje om å få det registrert, slik at det kan seljast vidare, eller ein kan søke om å få behalde våpenet sjølv.

Folk som nyttar seg av amnestiet, risikerer ikkje tilbakekalling av våpenkortet eller avslag på framtidige våpensøknader, understrekar politiet.

Når amnestiperioden går ut, risikerer alle som blir tatt med ulovlege våpen, inntil to års fengsel og i grove tilfelle seks års fengsel.

Under dei førre amnestia i 2003/2004 og 2008 fekk politiet inn høvesvis 35.000 og 7.000 skytevåpen.

(©NPK)