Politiet beslagla to førarkort og skreiv ut heile 18 forenkla førelegg etter ein fartskontroll på rv 15 Strynefjellet torsdag kveld. Høgste målte fart i 90-sona blant dei som vart fråtekne førarkortet var 147 km/t,. Høgste målte fart blant dei som fekk forenkla førelegg var 125 km/t. Også dette er heilt oppunder grensa for beslag.