Det var fullt hus då den nye turisthytta på Skåla opna i oktober i fjor, men hytteeigar Bergen og Hordaland melder om offisiell opning av turisthytta søndag 2. juli med underholdning og servering av spekemat og saft.

- Vi feirar og eit noko forsinka 125-årsjubileum til Skålatårnet i fjor. Det blir flott musikk, mat og drikke. Om værgudane er med oss så blir dette ein folkefest, seier dagleg leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven.

Bergen og Hordaland Turlag (DNT) satt opp hytta i løpet av berre ein sesong saman med arkitekt Eilif Bjørge og byggmeister Bjørn Vike. Mange har bidratt med midlar til bygginga av Skålabu som er 100 prosent eksternt finansiert.

Les også: Skålabu manglar økonomisk støtte

- Hytta er ei fantastisk gåve til Nordfjord og bygda Loen og til alle fjellglade mennesker både nasjonalt og internasjonalt. Tilbakemeldingene er udelt positive og det har vore mange hundre besøkande den første vintaren, seier Ødven.

Pressemeldinga opplyser om at hytta, som er ope heile året, har omlag 20 sengeplassar og erstattar det gamle Skålatårnet som hovudhytte på Skåla i Loen. Vedovnen i det gamle Skålatårnet er stengt frå 1. september til 20. juni, for å bevare tårnet.

Sjå biletserie frå Skålabu