Aktor ville straffe ein mann frå Herøy med 81.000 i bot for køyring i amfetaminrus, men tingretten har sett straffa til 15.000 kroner.

Politiet fekk raskt mistanke om at føraren var rusa på narkotika, då bilen tilfeldig blei stoppa på Kvivsvegen i Volda ein laurdagskveld i haust.

Bilføraren, ein mann i 30-åra frå Herøy, vedgår også at han tok amfetamin kort tid før køyreturen, men oppfatta seg ikkje som påverka.

Mannen har forklart at han var stressa av situasjonen, spesielt sidan han hadde eit barn med seg i bilen.

Då rettssaka var oppe i Søre Sunnmøre tingrett la aktor ned påstand om fengsel på vilkår i 24 dagar, samt bot på 81.000 kroner. Dette tilsvarer ei og ei halv månadsløn.

To av dei tre dommarane meiner det er rimeleg tvil om kor påverka mannen var og finn berre bevis for at rusen var i det som blir rekna som «øvre del av lavpromilleområdet».

Sidan det er snakk om lavpromille er bøtesatsane lågare, og mannen er dømd til å betale 15.000 kroner i bot og 3.000 kroner i sakskostnader.

Dommarane meiner det er eit klart skjerpande moment at forholdet gjeld ei lang køyrestrekning, med eit barn som passasjer.

Den eine meddommaren, som altså kom i mindretal, meinte det var grunnlag for å støtte aktor og at det var nok bevis til å dømme mannen for å ha hatt høgare promille under køyreturen.

Frikjent for lærekøyring

Mannen i 30-åra er også dømd for å ha brukt narkotika, og han hadde også med seg mindre mengde narkotika då han blei stoppa av politiet i Volda.

Mannen er frikjent for å ha lærekøyrt med ein kamerat, som retten meiner han ikkje kunne vite hadde sperrefrist på å få ta førarkort.