Fjordingen-journalist Roy Aron Myklebust startar denneveka ein podcast i regi av lokalavisa, den har namnet Fjordingen på Flo skue.

- Men kva er ein Podcast, spør du kanskje?

Podkast er radioinnslag, men til skilnad frå vanleg radio bestemmerdu sjølv kva og når du vil høyre. I Fjordingen sin podcast kan duhøyre Myklebust intervjue spennande personar frå lokalmiljøet. Med utsikt overstrynebygda, på utkikspunktet Flo skue,  løftar dei blikket og pratar om laust og fast. Både detden aktuelle gjesten er kjent for, men like mykje for å avdekke sider som kanskje er mindre kjent.

- Ingenting er som å høyre påein god prat med engasjerte folk. Men den kan ofte vere vanskeleg åformidle fullt ut gjennom det skrivne ord. Då kan tonen ogstemninga forsvinne på vegen. I avis og på nett gjere ogsåplassomsynet ofte til at intervju må kortast ned. Målet med dennepodcasten er å gi lesarane endå ein kanal for spennande lokalstoff,seier Myklebust.

Ein komprimert versjon av intervjua vil også blipublisert i papiravisa fredagane, veka etter.

Høyr på nettsida eller last ned til mobilen din

Det vili sommar bli lagt ut ein ny episode kvar veke, og dei kan du høyre på PC-en eller mobilen her på nettsida til Fjordingen.Er du litt meir driven kjenner du kanskje til iTunes og kan søkeopp podcasten der. Her kan du også hake av for å abonnere og då vilnye episodar automatisk bli lasta opp så fort desse er lagt ut avoss.

- I første omgang tenkjer vi 6-8episodar gjennom sommaren, med oppstart komande fredag. Så vilerfaringane vi gjere oss, og tilbakemeldingane frå lyttarane,bestemme om dette er noko vi held fram med vidare i ei eller annaform, seier Myklebust.