Stryn formannskap bestemte at Pål Vonheim (Ap) Inge Fænn (H) og ordførar Sven Flo (H) samt ein representant frå administrasjonen, skal utgjere forhandlingsnemda i den langvarande striden om utstillingshallen.

Nemda skal finne ei løysing saman med Indre Nordfjord Fjordhestlag og Stryn Sau og Geit om eventuell vidare bruk av hallen.

Brukarene har tidlegare gitt uttrykk for at dei ønskjer eit skikkeleg tilbod og at kommunen må yte støtte til husdyrhald i Stryn og skaffe ny ein lagleg stad for etablering. Om hallen skal rivast ønskjer dei økonomisk stønad i ein storleik tilsvarande spart opprusting og verdiauke av dagens tomt.

Stryn kommune har gitt klart uttrykk for at dei ønskja at gamledelen skal rivast i samband med nydelen.