- Holvikejekta er det einaste fartøyet av sitt slag som er bevart i heile verda. Fagfolk rangerer jekta på linje med vikingskipa som eit sentralt norsk kulturminne, seier avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum, Anne Kristin Moe.

Jekta, bygd på Sandane i 1881, er den einaste store, opne, klinkbygde jekta som er bevart. Tradisjonane kan førast så langt tilbake som til middelalderen.

Jekta var ein viktig del av dagleglivet i Nordfjord, mellom anna var ein jektepart rekna som ei stortarta bryllaupsgåvei den tida jektene trafikkerte fjorden.

Eigen publikasjon: Heftet om Holvikjekta er rikt illustrert med teikningar, gamle og nye fotografi.

I heftet er det fortalt om jekta sine særtrekk, byggjemetodar og byggjeskikkar. Forfattar Ove Eide tek også lesaren med på byferder og opplevingar langs leia til Bergen, der hundervis av jekter kunne vere samla på Vågen på same tid. Du kan også lese om tru og overtru knytt til jektefarten og den store høgtida det var når jekta kom heim med varer frå Bergen.

- Vi er veldig glade for å kunne gje ut ein publikasjon om Holvikejekta der historikken er samla, i eit lett og tilgjengeleg språk, seier Moe.

Prosjektet er betalt av Nordfjord Folkemuseum med støtte frå Gloppen kommune og Nordfjord Sogelag.