Ester Anny Skrede starta ei underskriftskampanje på minsak.no der 144 personar signerte mot etablering av nye næringsområde på Markane. Spesifikt var det dei planlagde næringsområde på Langeset som var foreslått teke ut av den aktuelle kommunedelplanen.

– Det er ikkje ei berekraftig utvikling å overbelaste området frå Vikaleirane til Langeset med næringsareal, skreiv mellom anna initiativtakaren.

Eit samrøystes formannskap avviste forslaget onsdag.

– Saka kom til kommunen 3. mai, tre månader etter fristen for å kome med innspel. Rådmannen kan ikkje sjå at det er noko nye moment i høve det som allereie er spelt inn, skreiv rådmannen som formannskapet stillte seg bak.

Saka skal vidare til kommunestyret.