Det var einvegskøyring mot Vik-målet i 2. omgangen sist helg, men fleire enn eitt mål fekk ikkje stryningane, sjølv om dei hadde eit hav av store målsjansar. Difor vil trenar Johann Sigurdsson ha eit ekstra fokus på avslutningar før kampen mot Førde 2 på søndag.

– Det blir nok litt ekstra fokus på avslutningar no ja, seier Sigurdsson.

Lang skadeliste

Det som kanskje bekymrar han meir er at han no har fleire spelarar på skadelista. Petter Hammer rauk akillesen på siste treninga før Vik-kampen sist helg, og er ute resten av sesongen. Agon Qitaku, som har hatt fleire gode innhopp frå benken i år, er også sett på sidelinja med eit brot i foten. Jonas Denk slit framleis med strekkskade, og Lars Midthjell Gjørven har strekt eit leddband i kneet.

Stryn vil søndag spele sin første kamp på det nye kunstgraset på Stryn stadion. Oppgjeret mot Førde 2 kan du sjå på Radio Stryn si nettside (om du opplever problem med å spele av kampen i Internet Explorer, prøv Google Chrome).