Ny kamp Søndag tek Jens August Guddal Muri og Stryn i mot Førde 2.
(Foto: Thomas Thaule)

Ny kamp Søndag tek Jens August Guddal Muri og Stryn i mot Førde 2. Foto: Thomas Thaule

Fokuserer på avslutningar

Stryn vil raskast muleg tilbake på vinnarsporet i Kretsligaen etter uavgjortkampen i Vik sist helg.

Det var einvegskøyring mot Vik-målet i 2. omgangen sist helg, men fleire enn eitt mål fekk ikkje stryningane, sjølv om dei hadde eit hav av store målsjansar. Difor vil trenar Johann Sigurdsson ha eit ekstra fokus på avslutningar før kampen mot Førde 2 på søndag.

– Det blir nok litt ekstra fokus på avslutningar no ja, seier Sigurdsson.

Lang skadeliste

Det som kanskje bekymrar han meir er at han no har fleire spelarar på skadelista. Petter Hammer rauk akillesen på siste treninga før Vik-kampen sist helg, og er ute resten av sesongen. Agon Qitaku, som har hatt fleire gode innhopp frå benken i år, er også sett på sidelinja med eit brot i foten. Jonas Denk slit framleis med strekkskade, og Lars Midthjell Gjørven har strekt eit leddband i kneet.

Stryn vil søndag spele sin første kamp på det nye kunstgraset på Stryn stadion. Oppgjeret mot Førde 2 kan du sjå på Radio Stryn si nettside (om du opplever problem med å spele av kampen i Internet Explorer, prøv Google Chrome).

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Olafur Sveinsson med lang fartstid i Norge

Blir Stryn sin nye trenar

Islendingen Olafur Sveinsson er den nye trenaren for Stryn sitt 2. divisjonslag i handball for herrar.

Nye framsyningar av utandørs-musikalen Årringar

– Nye grep, men gjenkjenneleg

Andre helga i august kan ein på nytt oppleve musikalen Årringar ved Sagedammen. Stykket er i all hovudsak det same, likeins aktørane som er med, men nye grep frå regissør og koreograf vil likevel gi kjensla av nytt for dei som har sett det før.

Satsar meir på utstilling og botanisk hage

Med både ny dagleg leiar og salgs- og marknadssjef, så er det spennande ting på gang ved nasjonalparksenteret.

Hornindal og Markane skyttarlag

Følg olsokstemne

Olsokstemnet i skyting strekkjer seg over sju dagar, og det innmeldt over 200 skyttar frå alle kantar av landet.