Rådmannen peika på både positive og negative sider då ho torsdag tok føre seg årsrekneskapen og årsmeldinga for 2016. Ved sidan av eit brutto driftsresultat på 4,2 millionar var det fleire hyggelege ting å merke seg. Mellom anna opplevde kommunen rekordlågt sjukefråvær i fjor.

– 4,8 prosent er historisk lågt og veldig gledeleg. Eg skal like å sjå kven andre i fylket som slår oss på det, sa rådmann Ann-Kristin Langeland.

Også ein svært god budsjettdisiplin vart drege fram av økonomisjef Brita Sollid.

– Helse og sosial gjekk berre 45.000 i minus i høve eit budsjett på 32,4 millionar. Det er godt levert, skrytte Sollid.

På den mindre hyggelege sida vart det trekt fram utfordringar knytt til rekruttering innan pleie og omsorg, mindre sentraladministrasjon men fleire oppgåver, og ein svært overbelasta Utviklings-etat.

Dei politiske partia stod i kø for å rose administrasjonen for godt arbeid trass små ressursar, og årsrekneskapen vart einstemmig vedteke.