Etter at Kvivsvegen vart bygd, er trafikken auka på rv 15 mellom Hornindal og Stryn. Avkøyrsla til Jutdalen er ikkje skilta og er vanskeleg å oppdage for dei som ikkje er kjende i området.

For bebuarane som kjem frå Jutdalen og skal inn på rv 15, er sikta såpass dårleg at bilane nesten må ut på kvitstripa for å sjå at vegen er klar. I møtet mellom bebuarar, kommunen og vegvesenet var det semje om at kommunen i første omgang skal snakke med entreprenør for å finne ut kva det vil koste å utbetre sikta. Løysinga ligg i å fjerne ein del fjell og truleg flytte ein lysstolpe.

- Vi vil gjennomføre synfaring med entreprenør over ferien, så tek vi saka derifrå, seier Ståle Hatlelid i Hornindal kommune.