Karina Haugen frå Hornindal, busett i Oslo, gjennomførte for første gong "Den Store Styrkeprøva"- eit sykkelritt frå Trondheim til Oslo. Haugen syklar for Follo sykkelklubb og gjennomførte den formidable styrkeprøva saman med ei gruppe på 12 personar i "Team Coop". Laget hadde seks punkteringar undervegs den drygt 54 mil lange sykkelturen

- Årets store høgdepunkt og mål er nådd. For ein følelse, seier Karina (23) som saman med laget brukte snautt 28 timer på turen, derav 22 timar på sykkelen. Karina kom i mål midt på natta og var heime kl. 04.

- Døgnrytma er litt utanfor i dag, men elles kjennes det overraskande bra, seier Karina som ikkje har vore aktiv syklist i meir enn eitt år. Per i dag er ho usikker på eigne ambisjonar som syklist.

- Eg skal flytte til Bergen og vil vurdere å begynne i ein sykkelklubb der. Slike ritt har i alle fall gitt meirsmak, seier 23-åringen som og har sykla Lillehammer - Oslo.