Både næringsdrivande på Grodås, fastbuande og besøkjande har hatt same ønske og behov i mange år: Eit offentleg toalett som gjer at besøkjande slepp å bruke hagar, busker og kratt når nauden er stor. Eller kome i store hordar på hotell og bensinstasjon.

– Toaletta ved hotellet og bensinstasjonen er for deira kunder, og ikkje alle som stoppar her elles. Difor har det vore nødvendig å få til ei løysing slik vi no har klart, seier Audun Gausemel, leiar for forvaltning, drift og vedlikehald i kommunen.

– Kommunestyret sette av midlar på budsjettet i fjor, og rett før helga kunne vi opne dørene etter at arbeidet er nær avslutta. No manglar vi berre handikap-rampe og ein skillevegg på dametoalettet, fortel Gausemel.

Det offentlege toalettet er bygd i det tidlegare venterommet, rett ved stoppeplass og parkeringsplass for bussane. Her er det blitt plass til i alt fire toalett, samt framleis eit lite venterom. Det eine toalettet har eiga inngangsdør og vil i alle fall i sommarhalvåret vere ope døgnet rundt.