Morten Taraldset (41) har allereie kome i hus i den nye robotiserte fjøsen. Han starta byggjeprosessen i fjor haust og kunne ta i bruk den nye teknologien for tre veker sidan.

– Eg dreiv ei stund garden med jobb ved sidan av, men det vart for travelt. Valet stod mellom å byggje større eller trappe ned. Det var eit veldig vanskeleg val, for det er mykje pengar det er snakk om. Med ei investering på 8-10 millionar så skal ein helst vite at ein har inntening også, seier Taraldset.

Han har bygd ut til ein kapasitet på 50 mjølkekyr.

– Men planen er å ha rundt 35-40. Eg vil ikkje bli for stor heller, seier han.

Ønskjer å auke opp

Odelsjenta Eline Fannemel (30) og Anders Elling Kristensen (36) bestemte seg for to år sidan å flytte heim frå Oslo og ta over garden på Fannemel.

– Vi kjende veldig på at vi ville bu i Hornindal, og så berre gjekk vi for det, seier Fannemel. Mannen jobbar fulltid som bonde medan Eline har jobb utanom.

Dei har hatt garden i omlag halvtanna år, og starta denne våren utbygging i tilsvarande målestokk som Taraldset.

– Fjøsen var for liten i høve produksjonen vi har. Akkurat no har vi 25 mjølkekyr, og så har vi litt oksar også, seier Kristensen. Dei rår over 230 mål jord, i tillegg leiger dei omlag 100 mål. Han ser føre seg ein vekst som ledd i utvidinga.

– Men då er vi nøydde å kjøpe meir mjølkekvote. Får vi tak i det vil vi auke opp, seier han. Dei håpar å kunne ta i bruk den nye fjøsen til hausten.

Meir fleksibel

Vidar Gausemel (35) er i startgropa med si satsing.

– Vi jobbar med driftsplan og søknad til Innovasjon Norge. Håpet er å bli ferdig med den i løpet av sommaren og hausten, seier bonden, som enn så lenge kombinerer gardsdrifta med jobb i entreprenørfirma. Han tok over garden ved nyttår.

– Vi óg har for liten fjøs, og vi må slakte dyr før vi hadde trengt - eller selje dei. Det blir ulønsamt, seier Gausemel.

Alle er einige om at den største gevinsten med betre plass og ny teknologi er fleksibiliteten det gir.

– Vi får ein betre kvardag. Det blir enklare å drive og enklare å ha eit familieliv. Ein blir meir fleksibel. Med mjølkerobotar går mjølkinga meir av seg sjølv og ein er ikkje bunden til å vere i fjøsen frå seks til ni både morgon og kveld, seier dei.

– Er det spennande å byggje nytt, eller mest eit ork, spør vi.

– Det er veldig spennande, men hektisk. Ein lærer mykje av det, seier Taraldset. Han har fungert som byggjeleiar sjølv, og spart mykje pengar på det. Både bøndene på Fannemel og Gausemel har vore på besøk hos Taraldset for å sjå og lære.

– Vi er frå same kameratgjengen frå før, og det har vore naturleg å snakkast ilag, seier Gausemel.

Dei let seg også inspirere av satsingsviljen til andre bønder i dalen. Siste åra har fleire bygd ut og modernisert.

– Ja, det er veldig positivt her og mange som har satsa før oss. Og det er jo slikt som inspirerer, seier Kristensen.

– Det er kjekkare å drive når andre satsar ilag med deg. Og har ein til dømes problem med ein mjølkerobot så kan ein snakke med ein som har erfaring med den same, i staden for ein dyr teknikar, seier Taraldset.

– Vi følte det var rett å investere no når ein framleis er unge, seier Kristensen.

– Då kan ein enno få hjelp og støtte frå foreldra, og det er viktig, seier dei.

Positiv ånd: Bøndene opplever at det er ei positiv utvikling i landbruket i Hornindal og har sjølve lete seg inspirere av andre som har investert og modernisert. Foto: Roy Aron Myklebust
Taraldset: I slutten av mai stod fjøsen til Morten Taraldset ferdig. – Det har vore avgjerande for satsinga at eg har areal rundt meg til å dyrke meir, seier han. Taraldset har omlag 300 mål jord. Foto: Privat
Gausemel: Går alt etter planen skal den nye robotiserte fjøsen til Vidar og Janne Elin Gausemel byggjast i front av den gamle. Foto: Roy Aron Myklebust