Stadig fleire luksusbåtar, verdt opp mot ein milliard, besøkjer fjordane på vestlandet.

Talet på superrike turistar i dyre luksusyachtar aukar kraftig i fjordane på Vestlandet. Berre dei siste dagane har fleire millionbåtar vitja fjordarmane i Sognefjorden, skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Det er betre enn nokosinne. I fjor hadde vi på denne tida hatt tre. I år er vi allereie oppe i åtte, seier sjefen for Aurland hamnevesen, Jon Erik Johnsen, til NRK.

Reiselivsnæringa på Vestlandet ser positivt på utviklinga.

– Dette er folk som har høg kjøpekraft og som er her lenge. Dei kjøper ofte dyre ting og leiger guidar. Nokre har kjøpt heile vogner på Flåmsbana, berre for å kunne vere for seg sjølv, seier Johnsen.

(©NPK)