– Dette er ein høgst oppegåande 100-åring som i stor grad har bidratt med veldedig arbeid både lokalt og internasjonalt.

Det sa ordførar Sven Flo i si helsing då Lionsklubben i Stryn markerte den internasjonale organisasjonen sitt 100-årsjubileum laurdag. Flo rosa den lokale Lionsklubben for sitt arbeid i nærområdet, mellom anna for sitt bidrag gjennom «Mitt val»-konseptet for born og unge i Stryn og Hornindal.

–Eg har hatt mykje kontakt med Lionsklubben i Stryn om ulike saker og prosjekt som engasjerer lokalt, heldt Flo fram.

Felles markering

Lions markerer i desse dagar eige 100-årsjubileum, og i det høvet inviterte den lokale klubben i Stryn innbyggjarar i Stryn og Hornindal kommunar samt bebuarar ved omsorgssentera til ei lita feststund på Per Bolstad plass.

Kaffi og kaker, musikk ved Fjelljom spelemannslag med Arne M. Sølvberg i spissen og ein god prat var noko av det som stod på programmet.

Lokale Lionsklubbar over heile landet har hatt tilsvarande opplegg.

Lokalt engasjement

Lionsklubben i Stryn, som sjølv runda 50 år i fjor, legg ned ein stor innsats i lokalsamfunnet, og har støtta fleire prosjekt i Stryn og Hornindal. Barnehagar, skular og omsorgssentera samt idrettslag har alle nytt godt av Lionsklubben sitt engasjement. Hjartestartarar, bil til rørslehemma, blomsterkasser, varmeposar til rullestolbrukarar og sandvolleyballbana ved Stryn vidaregåande skule er berre nokre av prosjekta Lions i Stryn har engasjert seg i.

På nasjonalt plan står Lions kvart femte år bak «Røde fjær»-aksjonen som er eit helsefremjande prosjekt. Organisasjonen markerer seg også sterkt med sitt humanitære arbeid på internasjonalt nivå.

Lions Stryn

– Den lokale klubben i Stryn tel 32 medlemar, og kvinner og menn med ulik yrkesbakgrunn samlast ein gong i månaden. Klubben legg ned mykje arbeid lokalt, til dømes er det Lionsklubben som står bak blomstrane som heng i lyktestolpane gjennom miljøgata, seier Andreas Solvik i Lions Stryn. Han opplyser vidare at det finst 442 Lionsklubbar med til saman 10.500 medlemar i Norge, og at den første vart etablert her til lands i 1949. På verdsbasis finst det over 45.000 klubbar fordelt på 200 land.

– Vi har plass til mange fleire medlemar i klubben i Stryn, seier Andreas Solvik.

Bjarne Tonning (t.v.) var ein av mange som fekk servert kaffi og kake av Tore Paulsen og Jostein Opheim (t.h.) i Lions Stryn. Foto: Thomas Thaule
Mange hadde samla på Per Bolstad plass då Stryn Lions markerte den internasjonale organisasjonen sitt 100-årsjubileum. Foto: Thomas Thaule
Over 100 personar fekk servert kaffi, kaker og musikk på Per Bolstad plass laurdag. Foto: Thomas Thaule
Fjelljom spelemannslag underheldt på Per Bolstad plass, og i det høvet framførte dei berre Bolstad-produsert materiale. Foto: Thomas Thaule
T.v. Andreas Solvik og ordførar Sven Flo som overrekte helsing og blomster til Lionsklubben i Stryn. Foto: Thomas Thaule