Nyvinninga Midtsommar-rock blir på mange måtar ei reise tilbake til 80-talet.

Med eit av landets fremste rockeband frå slutten av 80-talet, Return, i tillegg til coverbandet Loveshack –som også hyllar tiåret med puddelrock og pastellfargar, så ligg det i alle fall til rette for ein solid dose nostalgi for det litt vaksnare publikummet på Per Bolstad plass 24.juni.

– Ja, hovudtyngda blir gjerne 40- og 50- åringar, seier Kristian Hool Egge, som er mellom arrangørane.

To dagar

Men også før arrangementet laurdag kveld blir det liv og røre i Stryn sentrum. Då er 80-tals referansane noko færre. Jonsokafta spelar nemleg trubadur Øystein Eckhoff på versthuset medan DJ Ponsak inntek Isehaug. Laurdag på dagtid vert det også liv i sentrum, men då er det dei aller yngste som står i fokus når Flo Aktiv avrundar aktivitetsveka med karneval.

Laurdag kveld er likevel då den store happeninga finn stad.

– Kokken Tor startar, det er eit lokalt band frå Florø og Sandane med Torbjørn Gran i spissen, veldig bra band som trekker mykje folk her frå fjordane. Så er det Return før bandet Loveshack, fortel Hool Egge.

– Loveshack er truleg det mest populære coverbandet i Norge, det er fantastisk bra, legg han til.

Festivalkompaniet

Midtsommarrock er Hool Egge sitt hjertebarn.

– Eg har alltid hatt ein draum om ein utekonsert, seier han.

Men han er langt frå åleine om arrangementet.

– Kristian kunne sjølvsagt gjort det åleine, men det ville blitt ein stor jobb. No delar vi på alt av arbeid, utgifter og inntekter, seier Jens Isehaug. For saman med Isehaug Kafeteria, Stryn vertshus og Briksdal Adventure har Hool Egge skipa selskapet Festivalkompaniet AS.

– Vi har arrangert Irsk fest, konserten under Motorfestivalen og vi skal stå for serveringa under Oktoberfesten, fortel Isehaug.

Slike arrangement medfører ein viss risiko, i tillegg til at det krev mykje tilrettelegging.

– No betalar vi for rigg sjølve, men vi håpar at kommunen snart kan kome på bana og legge til rette med ei slags permanent scene med straum for lyd og lys, seier Isehaug.

– Ja, det ville vore bra for festivalbygda Stryn, legg Hool Egge til.

No kryssar dei fingrane for at Per Bolstad plass blir fyllt opp når Return og dei andre entrar scena midtsommarhelga.

– Vi må ha ca 700 for break-even på billettsalget. 1.200 billettar så er det god stemning, seier dei.

Return: 80-talsbandet spelar på Midtsommarrock på Per Bolstad plass i Stryn sentrum laurdag 24. juni. Foto: Presse