Saka har vore gjennom både skule- og kulturutvalet og formannskapet der det har vore samrøystes vedtatt godkjenning av planen slik den ligg føre.

Tysdag skal kommunedelplanen for kulturminne avgjerast i kommuenstyremøtet.

Fylkeskommunen er blant dei som har gitt ros for arbeidet med planen som Stryn kommune sjølv har gitt uttrykk for at dei er godt nøgd med. Men det er og kritiske røyster til planen.

Fortidsminneforeninga meiner mellom anna at "Mitt kulturminne" bør tonast ned eller supplerast med ei ny runde med intervju, samt at det bør leggast større vekt på SEFRAK-registeret. (Sekreteriatet For Registrering Av faste Kulturminne i Norge)

- Kommunen bør spesielt ha fokus på SEFRAK-registeret og ajourføre og supplere dette. I tillegg bør kulturminneplanen drøfte og tilrå korleis Stryn kommune skal sikre seg kulturminnefagleg kompetanse til å drive sakshandsaming i kommunen.

Foreninga meiner nokre av kulturminna som er spelt inn knapt kan omtalast som kulturminne, og i nokre tilfelle har same person spelt inn fleire kulturminne inn i planen.

Dette, saman med foreininga meiner er opplagte manglar mellom dei 51 intervjua, er hovudgrunngjevinga for at Fortidsminneforeininga tilrår ei ny runde med intervju for å fylle desse manglane, heiter det i saksframlegget.

- I staden for å prioritere restaurering/opprusting av ein bygning som er Mitt Kulturminne, bør ein heller gå inn i SEFRAK-planen og prioritere tilsvarande type bygning som er vurdert med A-verdi, meiner foreninga som meiner at kommunen gjev altfor mange dispensasjonar til fjerning av verneverdige bygningar.

Eit døme på eit bygg med A-verdi er Innvik Gamle Ullvarefabrikk. Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk ved Per Ove Reme har sjølv hatt innspel til planen.

- Stiftinga meiner at Ullvarefabrikken sin plassering i planen viser at bygningen ikkje er høgt nok prioritert, og dei meiner dette må endrast, og at kommunen må vera med å støtte opp om verneobjektet, også økonomisk, til dømes i form av årlege driftstilskot, heiter det fra saksframlegget.

Stiftinga, som har som oppgåve å restaurere og vedlikehalde den omfattande fabrikkbygninga, legg og vekt på ajourføring av SEFRAK-registeret.

- Administrativt vil vi tilrå at også Ullvarefabrikken får eit årleg driftstilskot frå kommunen på kr. 50 000,-, på lik line med Singerheimen og garden Li, skriv rådmannen i ein kommentar til innspelet, noko som vart kommentert i formannskapet.

- Det gleda mitt hjarte at administrasjonen vil tilrå eit årleg driftstilskot. Innvik Ullvarefabrikk er eit viktig historisk bygg i Stryn kommune og kanskje Europas største industrielle trebygning, sa Astrid Drageset Raftevold (Sp)