– Det er like mykje ein plass for turistane å bu, som eit møtepunkt for bygdafolk, seier Grethe Hilde, eigar av Viking Camping og Kro i Innvik.

‘’Campingen’’ har ope frå skuleslutt til skulestart kvar dag. Her blir det også leigd ut hytter til turistar, frå april til september.

– Mange kjem for å ha det stille og roleg, og for å gå i fjellet, seier Grethe, men lokale bygdafolk kjem også innom for ein matbit og for å vere sosiale.Ungdom brukar den som samlingsplass om sommaren, og familiar et middag.

Motorfestival-helga blei det arrangert motorsykkelfest på Viking Camping og Kro, der det dukka opp 56 motorsyklar og cirka 70 personar.

– Eg vil ønskje alle velkommen innom denne sommaren, avsluttar Hilde.