Tor Martin Kandal frå Stryn skaut seg til plass på VM-laget då han sikra seg bronsemedalje i NM i Haugesund.

Kandal skyt i Production-klassa, og av 109 deltakarar vart stryningen nummer tre til slutt. Han har tidlegare i år også hevda seg i fleire nasjonale stemne.

VM i Frankrike

– Eg er særs godt nøgd med tredjeplass og NM-bronse, seier Kandal til Fjordingen. No ser han fram til å reise til VM i Frankrike i slutten av august, der han blir ein av fire skyttarar på det norske Productionlaget.

Kandal har litt internasjonal erfaring frå før, og i fjor deltok han i EM i Ungarn, då i standardklassa.