Over ein halv million lønstakarar og pensjonistar tilhøyrande Skatt vest får i dag skatteoppgjeret sitt. Samla 6,1 milliardar kroner vert sett inn på konto til dei som har skatt til gode, medan oppunder 108.000 personar får ein samla restskatt på 1,7 milliardar. Det betyr at dei som får pengar tilbake, i snitt får 11.149 kroner, medan dei som må betale restskatt, i snitt må ut med 15.734 kroner.

I Sogn og Fjordane er gjennomsnittleg skatt til gode 10.500 kroner  og gjennomsnittleg restskatt 13.200 kroner, i følgje Skatt Vest.

Dei som har pengar til gode får vanlegvis desse på konto innan tre veker etter datoen som står øverst i høgre hjørne på skatteoppgjeret. Neste dato for oppgjer er 2. august. Etter det er det løpande oppgjer fram til 25. oktober.

− Ikkje alle får skatteoppgjeret sitt i juni. Det kan vere fordi du er næringsdrivande, er gift med ein som er næringsdrivande, eller at du er lønnstakar/pensjonist og leverte skattemeldinga på papir. Du får då skatteoppgjeret tidlegast 2. august, fortel  avdelingsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal. Har du fått restskatt, er første frist for å betale det du skuldar 20. august.