Stryn kommune har ikkje blitt einige med eit par av grunneigarane i det 130 dekar store området som inngår i planen for Olden kaiområde. Kommunen ønskjer å avklare arealbruk for utvikling av cruisekaia i Olden. I detaljplanen blir det mellom anna peika på mellom anna ustabilitet i sjøfyllinga, manglande land-areal og utfordringar knytt til trafikktryggleik.

Kommunen vil mellom anna legge turveg frå eksisterande kai til Oldenleirane.

Grunneigar vil ha tilkomstveg

– Dette vil betre trafikktryggleiken ved at passasjerar som skal til Olden sentrum ikkje treng å krysse fv. 60, heiter det av saksframlegget. Det er og føresett at «asfalt-tippen» sør for Mølla blir flytta og at nytt terminal- og serviceområde for cruisetrafikken blir tilrettelagt på Oldenleirane.

Planen har ikkje nådd fram til vedtak etter å ha vore i kommunestyret to gangar. I tida planen låg til offentleg ettersyn kom det inn 17 merknadar. Problema knyt seg i hovudsak til drivarane av Mølla, samt eigar av kaieigedom 86/20, Endre Muri.

Etter det som vart opplyst i kommunestyremøtet, ønskjer Muri ein av- og påkøyringsveg frå eigedomen sin og inn på fv 60. Vegen ligg ikkje i planen og kjem i konflikt med planar om gangveg etc. Statens vegvesen er venta å gi ein fråsegn om denne vegen komande veke.

Vil ikkje selje eigedom

Stryn kommune vil løyse inn arealet 86/20 med tilhøyrande rettar. Ordførar Flo orienterte om at grunneigar har fått tilbod på innløysing av på arealet, men at dei har takka nei.

– Om vi køyrer denne saka slik den ligg føre no, så blir dette advokatmat, fastslo Flo som fremja felles utsettingsframlegg frå alle parti, noko som vart samrøystes vedteke tysdag.

– Stryn er i ein konkurransesituasjon med andre hamner, så det burde vere i alles interesse å få løyst denne fastlåste saka, sa Flo.

Det vart ikkje sett tidspunkt for når saka skal handsamast på nytt, men Flo sa at kommunen vil vente på svar frå Statens vegvesen i høve eventuell vegløysing, samt at det takast opp ein dialog med Nordfjord hamn i denne saka.