Juryen i Borgarting lagmannsrett har funne ein 40-åring frå Hamar skuldig i drapsforsøk mot sorenskrivar Ola P. Svor og hans familie.

Sorenskrivaren i Hedmarken Tingrett er sterkt knytt til Hornindal, både som tidlegare busett der og via sine verv som styreleiar og seinare leiar for kontaktforumet for Anders Svor Museum.

Fjordingen skreiv i 2013 at Svor sjølv var bortreist då huset på Hamar brann ei julinatt for fire år sidan, men at det låg to personar og sov i huset då brannen starta. Desse vart vekte av naboar og greidde å redde seg ut av det brennande huset, som vart totalskadd i brannen.

40-åringen som var tiltalt i saka vart i fjor dømd til 18 års forvaring av Sør-Østerdal tingrett. Han vart då i følgje Hamar Arbeiderblad funnen skuldig i forsøk på overlagt drap og i å ha tent på huset til sorenskrivaren.

I følgje HA har han heile tida nekta for å ha tent på huset, og opprettheldt også denne forklaringa i lagmannsretten.

Saka har pågått sidan 2. mai, og juryen har i følgje HA brukt lang tid på å kome fram til svaret sitt.

Statsadvokaten skal i nær framtid leggje ned påstand om straff.