227 bustadar i Stryn er i følge NVE i skredutsatte område der det er større enn ein prosent sjanse for skred. Det betyr at ein ikkje kan setje opp nye bygg.

Fjordingen presenterer kvar veke to av dei 14 nye faresonekarta over Stryn kommune, utarbeidd av NVE.

  • Svarte kvadrat viser at hovudtypen av skred er steinsprang/-skred.

  • Svarte trekantar viser at hovudtypen av skred er flaum- og jordskred.

  • Svarte stjerner viser at hovudtypen av skred er snø- og sørpeskred.

– Områda som er markert med brun farge har eit årleg sannsyn for skred større enn 1 prosent og der kan det ikkje setjast opp nye bygg, seier teknisk sjef for Stryn kommune, Jan Flore.

Områda markert med raudt har eit årleg sannsyn for skred større enn 1 promille og der seier kommunen at det kan setjast opp bygg som t.d. garasje, men ikkje nye bustadhus utan sikringstiltak.

Områda markert med gul farge har eit årleg sannsyn for skred større enn 0,2 promille, men mindre enn 1 promille, og kan nyttast til ny bustad.

Ikkje fargelagde område, innanfor omriss, har eit årleg sannsyn mindre enn 0,2 promille for skred og kan nyttast til alle typar bygg i forhold til skred.

Sjå også: Faresonekart frå Årheim til Øvreeide

Det leggast til grunn at det at ikkje er større sannsyn for skred no enn tidlegare grunna at NVE har utarbeidd nye kart.

Oppstryn Foto: NVE / NGI